AquaVIT nr. 1 - 2020
2 AQUAVIT 1|2020 Utgiver: Norske Akevitters Venner Aqua vit utkommer fire ganger årlig og går bare til medlemmer av Norske Akevitters Venner. Redaktør: Sjur Harby Mobil: 488 97 714 E-post: sjur.harby@norsk-akevitt.org Språkansvarlig: Tore Rygh E-post: juryg@online.no Design: Merkur Grafisk as Trykk: Merkur Grafisk as Opplag: 7000 trykte eksemplarer Redaksjon avsluttet: 3. mars 2020 Forsidefoto: Mariell Midtbø Bøyum www.norsk-akevitt.org President: Ingvar Hage Sekretariat: Norske Akevitters Venner v/Lars Ole Ørjasæter Boks 119 Manglerud 0612 Oslo Telefon: 23 15 85 00 E-post: post@norsk-akevitt.org ISSN 1894-986X VI ER MANGE – 8 000 no. Men vi treng å verta fleire, vi er jo ei folkerørsle! Difor sette vi oss målet om «10 i 20» for nokre år sidan. Vi har vakse, men vi er ikkje ved målet enda. Kan vi nå det? Kan draumen om 10 000 medlemar i 2020 bli ein realitet? HOVUDOPPGÅVA for Norske Akevitters Venner er å spreie kunnskap. Kunnskap om god norsk akevitt, om drikkekultur og om matkultur. Medlemane er fremste målgruppa. Dess fleire medlemar, dess fleire når vi direkte med kunnskapen. Medlemskontingenten står for storparten av inntektene og, og dess større inntekter, dess meir får vi gjort av gode tiltak for å nå målet. NORSK MAT- OG DRIKKEKULTUR fortener både vern og utvikling. Norske Akevitters Venner har arbeidd med båe delar i dei fyrste 20 åra våre. Det har nytta! Det fekk vi mange prov på når vi feira jubileet vårt på tampen av 2019, med mange godord, herunder helsing frå regjeringa. Dette inspirerer til vidare innsats. EG MØTER MANGE ENTUSIASTAR rundt i akevitt-Noreg. Folk som har fått med seg andre entusiastar for å samlast om felles interesser, som har fått med nye medlemar og arbeider for at dei skal bli verande. Eg trur det er mange av oss! Kanskje alle 8 000? Difor satsar vi nå på ein knalldugnad og eg oppmodar kvar og ein til å VERVE EIN VEN! Fortel om at det er morosamt, sosialt, hyggeleg og lærerikt å vera med. At det er enkelt å bli medlem gjennom www.norsk-akevitt.org og at medlemskontingenten er rimeleg. Vis fram AquaVIT, vis nettsida, Facebooksida og alt vi held på med, og at det vi gjer, gjer vi ordentleg, med eit glimt i augo. IKKJE ALLE RUNDT OSS TENKJER på akevitt som følgje til god mat framover våren og sommaren. La oss nettopp difor nytte denne årstida til å dele gleda med andre og spreie engasjement hos både nære og fjernare vener. Dei vil takke deg når dei ser kva dei får vera med på. VERV EIN VEN I 2020! PRESIDENTEN HAR ORDET Artikler mottas på norsk. Tekst, bilder og billedtekst skal sendes på e-post til redaktøren: sjur.harby@norsk-akevitt.org . En artikkel må ikke overstige to a4-sider med 12 punkt skrift i 1,5 linjeavstand. Fotografier le eres digitalt i høyeste oppløsning (eventuelt papirbilder). Navn på fotograf skal medfølge, og rettigheter må være avklart. Andre illustrasjoner etter avtale. Frist for innlevering av stoff i 2020: 2: 27. april | 3: 7. september | 4: 2. november | Forfatterinstruks FOTO: NIBIO Verv ein ven! Medlem av INGVAR HAGE president S V A N E M E R K E T
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy