Bilag til AquaVIT nr. 2 - 2021

14 Dette er historia om ei grov som aldri fraus og ein kar som hadde lyst til å produsera lokalt kvalitets- brennevin. Da sa produkt- namnet seg sjølv; Bren- nevinsgrova. Det vesle destilleriet på småbruket Nymarka med adresse Bakkane 29, inst i Sykkylvsfjorden, held til i ein ombygd garasje der ein pot still på 350 liter frå tyske Müller Brännereianlagen er midtpunktet. – Vi hadde planlagt ein større rundtur i Tyskland for å sjå på utstyr frå fleire produsentar. Besøket hjå Müller sto fyrst på lista, og da vart eg solgt. Dette var handverk på høgt nivå i ei famile- verksemd som hadde produsert destilla- sjonsutstyr i fleire generasjonar. Eg har heller ikkje angra på kjøpet i etterkant, fortel tredje generasjon gardbrukar på Nymarka, Harald Strømmegjerde, som slutta med sau for å byrja med miljø­ venleg brennevinsproduksjon. Handverksgin Produksjonen starta i 2019 der norsk potetsprit vert destillert saman med lokale ingrediensar som bringebær frå Valldal og butare frå Herøy. Vatnet betyr også mykje. Dette er slett ikkje «regnet som fall i fjor», men brevatn frå Sunnmørsalpane. – Det er viktig å nytta lokale råvarer, og til saman gjev dette ginen ein unik smak av Sunnmøre, seier Strømmegjer- de som kan skilte med tre gullmedaljer og ein sølvmedalje frå konkurranser i København, London og San Diego i 2021. Med utsikt til Blåbretinden, fjellrekkja mellom Sykkylvfjorden og Hjørundfjorden, har Strømmegjerde fleire planar: – Vi har óg produsert to akevittar som er på Vinmonopolet, samt num- mer tre som kjem i starten på juni 2021, og whisky er i kjømda, fortel han. Her er det óg tenkt miljø. Byggmalt­ et som vert brukt i produksjonen går vidare som dyrefôr etter meskinga er ferdig, og oppvarminga av destilleriet og produksjonslokala skjer med biovarme frå eit varmeanlegg på garden. Meir vatn Vi nemnde tidlegare at vatnet kom frå fjellet. Nede i dalen har brevatnet vorte til ei grov, Brennevinsgrova, og det er frå denne at vatnet til produksjonen vert henta. Historia fortel at når vatnet fraus på gardane midtvinters, var det alltid rennande og klårt vatn i Brennevins- grova og det heiter seg at grova redda både reisefylgje langs vegen og folk og buskap lokalt. Etablert: 2019 Kolonne still: Müller AROMAT, 350 liter. Produktkategorier: Whisky, akevitt og gin. Besøk: Vil bli klart i løpet av sommeren 2021. Åpningstider: Ved henvendelse. Kontaktdata: E-post: harald@brennevinsgrova.no Telefon: 969 90 045 Nettside: www.brennevinsgrova.no Annet: Brennevinsgrova har skjenke­ løyve i andre etasje i destilleriet. Brennevinsgrova, Straumgjerde

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy