Bilag til AquaVIT nr. 2 - 2021

24 Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppe- fjorden i Nordfjord. På garden er det ypperlege vekstvilkår for frukt og bær og tradisjonar for fruktdyrking heilt tilbake til 1800-talet. Staden har til og med sin eigen historiske eplesort. Haugeeple er eit friskt og aromatisk eple som Gardsbrenneriet har poda tre av og planta ut for å dyrke eplesorten til bruk i drikkevarer. Unike smakar av naturlege råvarer Sivilingeniørane Synnøve og Jann tok over odelen på garden i 2010 for å satse på produksjon av drikkevarer basert på råvarer frå landbruket. Det var naturleg å lansere brennevin og likørar basert på frukt og bær som ei første satsing. I åra etter er produktporteføljen stadig utvida og inneheld no eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikke­ varer der dei gode råvarene står i fokus. Dei brukar norske råvarer som eple, plommer, bringebær, rabarbra, solbær, rips, jordbær og morellar. Noko av råvarene dyrkar dei sjølv. Garden har også lange tradisjonar for grønsaks­ dyrking og dyrkar enkelte av urtene som inngår i gin- og akevittprodukta sjølv. Mykje av frukta, bæra og urtene som vert nytta i produkta blir også levert frå lokale produsentar i regionen eller hausta inn frå den frodige vest- landsnaturen. Teknologi og innovasjon Heile prosessen frå behandling av råvarer til tapping av ferdig produkt, skjer på garden. Gardsbrenneriet har utvikla eigne metodar, prosessar og smakar. Dei har mellom anna utvikla sin eigen prosess for småskala omdan- ning av myse til brennevin. I 2019 lanserte dei Norges første gin basert på mysebrennevin som ein hyllest til Dagros og norsk landbruk. I det ferskaste og så langt villaste prosjektet til Gardsbrenne- riet, blir det no dyrka sukkerbetar på garden som skal vidareforedlast til velsmakande alkoholhaldig drikke i løpet av året. Fellesnemnaren for alle produkta til Gardsbrenneriet er fokuset på vidareforedling av norske landbruks- produkt av høg kvalitet til nydeleg drikke. Besøksgard Gardsbrenneriet har eigen gardsbutikk og tilbyr også omvisningar og smakingar etter avtale. På garden er det ein stor økologisk eplehage med over 3.000 epletre. Gardsbrenneriet tilbyr hage- vandring etter avtale, der ein kan lære meir om poding av tre, fruktdyrking, historiske eplesortar og bruk av eple i drikkevarer. Gardsbrenneriet, Sandane Etablert: 2012 Kolonne/pot still: Kolonne: 350 liter, pot still: 600 liter, begge fra Stilldragon. Produktkategoriar: Fruktbrennevin, akevitt, gin, vodka, likør, sider, fermenterte drikker (hard seltzer), alkoholfritt. Produserer også landbruksetanol frå myse. Besøk: Ja. Opningstider: Ved henvendelse eller sjå heimesida. Kontaktdata: E-post: post@gardsbrenneriet.no Telefon: 951 62 028 Nettside: www.gardsbrenneriet.no Anna: Gardsbutikk som sel naturleg gjæra produkt (sider, hard seltzer o.l) i tillegg til dei alkoholfrie drikkane våre og eit rikt utval av lokalmat fra lokale samarbeidspartnarar. I tillegg grønsaker, frukt og bær fra eigen og omliggande gardar i sesong. Smaking av alle produkt samt omvisning etter avtale. Hagevandring i eplehagen i sesong.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy